fbpx

Sjømenn å bleieskift

Lyd å lukt kan fort sette minnane i sving. Ting som en egentlig hadde gløymt ellår fortrengt dokke plutselig opp igjen. For ikkje så altfor lenge sia så tok æ mæ ein femminutt på ei brygge i sjøkanten. Det va då det skjedde…

Æ va ikkje så gamle karen når foreldrane mine gjekk ifrå hverandre. Merete va i bleie jaffal. Mi sadd med kjøkkenbordet, mæ å mamma. Mi pleide å ha ein kjas der ette mi hadde lagt Merete for ein middagskvil.

Ho med ein kåpp kaffi å ein røyg. Æ fekk øu ein kaffikåpp med kaffi å melk. Ho sadd alltid med beinane i kryss, framøvelent å kvilte «røygearmen» på bordet å kikka ud a vinduet. Æ skolle jo øu prøve detta, men sia æ ikkje hadde bein så fekk æ ikkje heilt te detta med å krysse beinane. Det datt jo bare ner igjen. Æ hadde ei udbrent fyrstikk som røyg, å prøvde ette beste evne å etterligne. Droppa «aska» frå fyrstikka i askebegeret, å slurpa litt i den varme kaffien. Æ hadde ikkje så lange fingre hellår, så fekk ikkje te heilt det derre «plinget» i askebegeret, men å slurpe fekk å te.

Husets Herre!!

Det va då æ fekk i oppdrag å ta øve som «herre i huset». Æ va jo sånn sett den einaste, så oppdraget føltes naturlig. Æ vigte ikkje frå mi søster si sie, passa på ho som ein smed…foruden dei gånga æ prøvde å bytte ho i ein hau a gotteri då, å kanskje et par andre gånge …kanskje.

Det gjekk jo som det måtte. Mi mor va jo ei ettertrakta frøken, så plutselig ein dag så stod Sprellen der. Egil hette an, men di fleste kjenne an som Sprellen. Æ va jo selvfølgelig superskeptisk på denna sjømannen med vannkjemma hår å platåsko. Men han va usedvanlig fin i tøyet, å denslags hadde æ sansen for. Detta va altså tittelutfordreren.

Sjømann med Mustang

Han tok oss med ud på hytta i Ålefjær, alle sammen. Æ tru faktisk plassen heide «hytta i Ålefjær», det virka jaffal sånn. Alle sa det. Nå he jo alle hytter navn. Noen himla rare navn faktisk. Gaukebu, Vikebu, Krabbebu…men denna hadde ikkje det.

Æ skjønte ettehvert at tittelen min som «husets herre» stod for fall når mamma plutselig lot mæ å Merete være aleine med Sprellen å et par a kompisane hanses. Ho strøyg på butikken, å der sadd mi…To bånn, den minste i bleie, å to sjømenn i tyveårane. Det gjekk egentlig himla greit. Di aktiviserte oss noe voldsomt. Framtia te Sprellen stod på spel, å ei «godkjenning» frå undertegnede va usedvanlig viktig å ha med på søknaden om fremtidig samvær med frk Røinås.

Merete va ikkje klar øve å viktig denna ettermiddagen va, ho surra rondt på plænen i bare bleia å storkoste sæ med å stappe både moll å grass i monnen.

Ho tok sæ god tid på butikken, så ettehvert så gjekk det jo som det måtte. Ette å ha fortært det meste a plenen så føllte Merete bleia te randen. Detta va jo ikkje noe pampers med strikk. Detta va tøybleier som ikkje firte ein tomme. Det va fare for eksplosjon ei stond, det tøyd ud alle veier. Det va jo mamma som hadde bytta på ho før ho gjekk, å gjorde aldri dårlig arbei.

Panikken blant sjømennane økte proporsjonalt med bleias fare for å eksplodere. Denna type fare hadde jo ingen a di vært med på før, tross mang ein farefull ferd på di sju hav. Ingenting kan måle seg med ei jente med full bleie.

Dagfinn sprang i skjulet, på udedoen, å kåm rymans ud med noe glansa papir frå et Hjemmet. Di skjønte fort at detta va fånyttes. Æ så jo detta med ei gång at det va ikkje sånn mi pleide å jårr det.

Som tittelforsvarer så følte æ litt synd på utfordreren, detta gjekk heilt i ball for di. Di pilte rondt som hauelause haner ei stond. Det va då di glimta te. Di måtte jo. Å skolle di sei te mamma hvis ikkje? Di treiv ho med sæ å føyg ner på brygga. Detta måtte jo beskues, så æ dilta ette. Di fekk spretta opp bleia på ein måde som ikkje æ hadde sett før, men di fekk ho nå a jaffal. Di va jo vant med å renske fisk deia to. Det funka jo på makrell, så åffer ikkje..

Vannet va kaldt å jentongen skreig. Di holdt ho i armane å duppa å skylte ho i sjøen som ein lyr te lorten va vekk. Effektivt faktisk, men æ tru det blei med den eine gånga di benytta denna metoden. Æ lure på om detta va den føste gånga Merete «bada» i sjøen forresten..Nå bu ho i Rauland…det æ vel den plassen i Norge som er lengst vekk ifrå sjøen…

Å pakke på ei ny tøybleie kreve meget med erfaring. Denslags ferd blei aldri lagt ud på. Totalt uaktuelt! Æ lure på om et håndkle å noe hyssing blei brugt, men det tår æ ikkje heilt å sei.

Telegrafist Ingebretsen

Æ huske jaffal at æ va voldsomt glad for at æ ikkje brukte bleie…då va det betraktelig bære å sloss med et Hjemmet med glansa papir på udedoen..

Han slapp igjennom nåløyet 😉 Mi va møe På Hytta i Ålefjær…den eine gånga gjekk an på vannet…men det for æ fortele om ei ann gång.

Bestefar Sprellen med dei to a mine(begge oppvokst uden tøybleier)
Merete, Ingvald, Egil, Camilla og Tommy

Takk for at du vippa innom!

Del jønne deia innleggane med andre hvis du fant noe gøy noe. Vipp innom nettbutikken å kikk dæ litt rondt. Der finner du alt ifrå kaffikåpper te bilder du kan ha på veggen. "by Kranglefant" er en kolleksjon med produkter som er utarbeidet i sammen med Ressursen på Hunsøya. Detta er produkter som er vennesla-inspirert. Deia produktane lage di øu her i Vennesla by Kranglefant

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Vi og våre forretningspartnere bruker teknologier, inkludert informasjonskapsler «cookies» til å samle informasjon om deg for forskjellige formål