); ga('send', 'pageview');

I krysset inn te Skolevegen la der ein landhandel før, æ kan ikkje minnest navnet på den i farten. Æ kan huske at inngangen va på nersia, altså mod sentrum. Ettehvert så bygde di om, å då blei innganga mod kjørka. Samme som når det va jernvare der.

Iallefall, før di bygde om så va æ som regel med når mamma skolle handle. I modsetning te idag så tykte æ det va stas å konne være med på butikken. Mi fekk jo som regel noe a dei som jåbba der. Det konne være ein pølsesnabb på Vinni å det konne være ein smørbukk på landhandelen.

Ifrå dag 1 så blei det ubønnhørlig prenta inn i oss bånnane at mi måtte aldri stjele. Ennå viktigåre va det at ikkje mi måtte mase, konne det te tie virke som. Den siste regelen tredde egentlig ikkje i kraft før mi søster Merete kom te…

Når mi va å handla på landhandelen så fekk æ alltid ein karamell a ho som jåbba i kassa. Ho hadde ein heil pøs med karameller ståans der. Imens mamma betalte så heiv ho alltid hitt ein karamell te mæ. Av å te drøyde det litt, jaffal visst mamma va prekesjug. Æ sa aldri noe, for det visste æ godt at ikkje æ måtte jårr, æ bare stod klar…med et flakkans blikk som bytta på å se på kassadama, pøsen med karamell å ei prekesjug mor..

Av å te trudde æ at kassadama hadde gløymt mæ, då hadde ho faktisk lurt mæ litt. Då hadde ho snigt inn karamellen sammen med varane, sånn at æ ikkje så an før den siste varen va lagt i påsen. Skuffelsen forsvant som dugg for sola. Då kikka ho lurt hitt på mæ å smilte lunt, det anså æ som grønt lys for å ta den karamellen.

Ei gång sendte mamma mæ inn aleine for å handle noe. Det va egentlig det verste æ visste. Ho hadde mani med å skolle ha noe som ikkje æ fant. Å då hette det sæ at æ måtte spør dei som jobba der, å det kåm ikkje på tale. Då va det bære å sei at di va tomme for just det…Di va «tomme» for mør rart viste det sæ…

Denna gånga då så fant æ det ho skolle ha, gjekk te kassa for å betale. Å hadde et aldri så lide håb om å få ein karamell. Kassadama hadde tydeligvis møe å jårr denna daen, for æ fekk ikkje noen karamell når æ betalte. Ikkje konne æ kåmme mæ te å spør hellår, for det hadde blitt som å mase. Det blei lettåre ette Merete blei såpass stor at ho konne preke, ho sprang te kassa å maste, te å med før mi hadde bjønt å handle…

Denna gånga stod æ der jaffal aleine…Æ la varane i påsen så seint æ konne, i håb om at ho skolle kåmme på det, men ho va allerede opptatt å preke med neste kunde…som va vel så prekesjug mi ega mor. Æ trudde alt håb va ude, den siste varen blei lagt i påsen….å plutselig, deeeer lå karamellen. Æ hadde gløymt at ho av å te gjorde denslags fantestrege.

Det va på detta tidspunktet æ havna i et voldsomt dilemma.

Kassadama ga mæ aldri «grønt-lys-smilet», ho bare babla i vei med noen andre. Å der sto æ då, klar te hugg. Æ reinte jo med at denna karamellen va meint te mæ, men an konne jo øu ha vært ein «øveliggår» ifrå forrige kunde, å va då isåfall ikkje min. Tankane galopperte igjennom haue mitt. Å skolle æ jårr?

Plutselig reiste kassadama sæ opp for å finne et ellår anna te den masete kunden. Då treiv æ kjangsen, nappa te mæ karamellen å smatt ud a butikken som et ålja lyn. Æ tårte aldri vise te mamma at æ hadde «fått» karamellen, faktisk litt usikkår på om æ i det heile tatt åd an. Nærliggans å tru at Merete isåfall «rødda» opp i den..

Det plagte mæ i åresvis detta, æ merke fremdeles at detta va litt i grenseland…va an min ellår va an ikkje?

Takk for at du ter dæ tid te å lese deia blogginnleggane mine, del di jønne te hvem som helst. Det kjæme nok fleire ettehvert.

Ekstra stas æ det høre at det drives høgtlesning a detta. Ekstra helsing te dykken oppå Hægelandsheimen som lese detten høgt for dei som bu der.

Ingvald

Kategorier: Blogghumor

0 kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: